Alexander er forelska i Live (Ebok)

roman

Forfatter:

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 1.18 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234006678
Alder: 12 - 16
Omtale Alexander er forelska i Live
«Det liknar på den nye guten på idrettslina», seier læraren. Han står bak meg
og ser på at eg lagar ei skisse med blyant på eit laust ark.
«Han har same krøllene», seier læraren. «Og augo.»
Munnen har eg ikkje teikna enno, ikkje nasen heller,
berre ansiktsforma og krøllene og dei brune augo som aldri ser meg.
Augo på teikninga ser min veg. Dei er blinde for anna enn det eg vil at dei skal sjå.

Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllane, verkar å vere interessert i Jonas' bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar bortsett frå Jonas sjølv?
Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er.

Atle Hansen (1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, men er kanskje mest kjent for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som t.d. Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009), Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020).

Til toppen

Andre utgaver

Alexander er forelska i Live
Nynorsk Innbundet 2021

Flere bøker av Atle Hansen: