Norwegen, schönes Land! (Innbundet)

tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 145
Forlag: Samlaget
Språk: Flerspråklig , Nynorsk / Tysk
ISBN/EAN: 9788252192421
Omtale Norwegen, schönes Land!
Norske motiv skildra av tyske soldatkunstnarar.

Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte i å lage teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv. Desse blei masseproduserte i postkort, bøker, store plansjemapper og som separate vedlegg i tyskproduserte månadsmagasin og tidsskrift.

Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Med 144 illustrasjonar i utval gir han her eit oversyn over kva som blei publisert, og kven utgivarane og kunstnarane var.

Målgruppa var eit tysk publikum - ved at okkupantane sende postkort eller fine kunstmapper til slekt og venner i heimlanda, men reproduksjonane var også til sals i Tyskland. Med stort sett nøytrale og fredelege motiv og landskapsskildringar frå Jæren, Stavanger, Preikestolen og Haugesund i sør, via Bergen, Sogn og Trondheim, til Narvik, Tromsø og Nordkapp i nord kunne dei med desse reproduksjonane vise den nordiske delen av det storgermanske riket.

Til toppen