God forretningsskikk næringsdrivande imellom (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 643
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276747058
Omtale God forretningsskikk næringsdrivande imellom
Boka, som er forfattaren si juridiske doktoravhandling, er ein analyse av den norske rettslege standarden god forretningsskikk med tyngdepunkt i marknadsføringslova § 1. Boka fokuserer særleg på relasjonen næringsdrivande imellom og på problemstillingar som dreiar seg om illojal konkurranse. Hovudspørsmålet er korleis rettsbrukaren skal resonnere rettsleg basert på ein slik god skikk-regel som rommar eit prinsipp om forbod mot illojal konkurranse. Første hovuddelen av boka (delane I, II og III) drøftar rettskjelde- og metodespørsmål og teoriar for analysar av god forretningsskikk-standarden. Forfattaren drøftar her mellom anna kva praksis frå private konfliktløysingsorgan har å seie som rettskjelde. Den andre hovuddelen av boka inneheld analysar av ulike konfliktsituasjonar som ofte oppstår i praksis: etterlikning av konkurrentposisjonar, etablering av konkurrerande verksemd, inngrep i kontraktforhold og omtale av konkurrentar / kommersiell ytringsfridom. Boka vil vere nyttig både for juristar og andre som arbeider med rettslege spørsmål om god forretningsskikk og liknande typar rettslege standardar. Boka vil også kunne ha interesse for andre aktørar i næringslivet. Tore Lunde er dr.juris og er advokat i Kluge Advokatfirma ans. Han har tidlegare vore stipendiat/førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen og har elles praksis som advokatfullmektig, dommarfullmektig og konstituert lagdommar. "Så vel analytisk som rent fremstillingsmessig er det en svært krevende oppgave Lunde har stilt seg. Han håndterer den med dyktighet og analytisk kraft, og resultater er meget vellykket - en grundig bok som vil være til stor nytte også for praktikerne." Birger Stuevold Lassen, Nytt i privatretten

Til toppen