Jølster hotell (Innbundet)

historier frå eit asylmottak

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 175
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252192407
Omtale Jølster hotell
Verda midt i Jølster.

Det staselege sveitserhuset som har teke imot gjester frå 1890-talet til vår tid, har dei siste sju åra husa kring 100 asylsøkjarar, mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Afghanistan og Irak.

Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster Hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring av flyktningsituasjonen i dag, men det er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje.

Til toppen