Julemysteriet (Ebok)

Serie: Klodeklubben 4

Forfatter:

Jens Kristensen (Illustratør)

Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter. Kan sendes til Kindle.

Last ned utdrag    

Forfatter:
Innbinding: Ebok
Utgivelsesår: 2021
Illustratør: Kristensen, Jens
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filstørrelse: 19.17 MB
Filformat: EPUB
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Serie: Klodeklubben
Serienummer: 4
ISBN/EAN: 9788234007156
Alder: 6 - 9
Omtale Julemysteriet
Fjerde bok i populær spenningsserie

Vanja og Sivert gler seg til å vise Mo den årlege julemarknaden. Torget i bygda blir fylt av boder og midt på torget skal foreldra til Vanja setje opp ei diger julegran. Dessutan kjem det kvart år ein julenisse med slede og ekte reinsdyr!

Men i år er det ikkje like koseleg. Det er ikkje snø på bakken når Klodeklubben kjem til julemarknaden. Og rett før grana skal tennast, oppdagar dei at nokon har kløyvd julegrana i mange deler. Og heller ikkje julenissen dukkar opp med reinsdyra!

Kven har øydelagd julegrana? Og kva har skjedd med julenissen? Kan desse to mysteria ha ein samanheng?

Klodeklubben. Julemysteriet er fjerde bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn i alderen 6-9 år, skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.

I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad, kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.
Dei to første bøkene i serien, Dei svarte svanene og Hytta som forsvann, kom ut våren 2020, medan den tredje boka, Fanga på fjorden, kom ut våren 2021.

Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.

Jens Kristensen (f. 1975) er ein anerkjent illustratør og bildekunstnar. Han er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. For illustrasjonane til Klodeklubben. Dei svarte svanene, vann han Kulturdepartementets illustrasjonspris.

Til toppen

Andre utgaver

Julemysteriet
Nynorsk Innbundet 2021
Julemysteriet
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2021

Flere bøker av Ruth Lillegraven:

Bøker i serien