Kielland som melodramatikar (Innbundet)

Serie: Pegasus 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 156
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Serie: Pegasus
ISBN/EAN: 9788205337329
Omtale Kielland som melodramatikar
Er realismens meisterforfattar, Alexander L. Kielland, eigentleg melodramatikar? I denne boka peikar Jan Inge Sørbø på dei mange melodramatiske innslaga i Kiellands skrivekunst. Alexander L. Kielland (1849-1906) skapte ei realistisk romanform som ettertida har sett på som mønstergyldig for realismen i 1880-åra . ein kombinasjon av elegante formuleringar, skarpe observasjonar og politisk tendens som framleis gjer inntrykk. Men kva ligg i omgrepet .realisme.? Og er ikkje realismens meisterforfattar, Alexander L. Kielland, eigentleg melodramatikar? Personane hos Kielland avslører seg i avgjerande scenar som utvitydig gode eller vonde, dei døyr i affekt eller blir offer for usannsynlege samantreff. Situasjonar og lagnader er konstruert slik at dei skal gjera maksimalt inntrykk på lesaren: Uskuldige barn eller kvinner går til grunne, medan vondsinna maktmenneske i samfunnet triumferer. Romanane hans er spenningsfylte, dei rommar kritikk av kollektive institusjonar, og ei stor tru på det sannferdige individet. Sørbø freistar å kartleggja dette melodramatiske mønsteret med utgangspunkt i debutromanen Garman & Worse og fylgjer opp med analysar av Arbeidsfolk, Gift, Sankt Hans fest og Jacob. Han peikar også på korleis dette mønsteret er mest tydeleg i dei første bøkene, medan dei siste endrar seg meir i retning av det satiriske. Kanskje var Kielland aller best når han var melodramatisk?Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han har utgitt ei rekke bøker, både sakprosa og skjønnlitteratur. Pegasus . Gyldendals forfattarskapsstudiarGyldendals Pegasus-serie presenterer engasjerte og lærde studiar av sentrale norske forfattarskap. Verka til forfattaren vil stå i sentrum i denne serien, men forfattaren sjølv blir ikkje på noko vis sett i parentes. Det er forfattarsignaturen som bind saman dei ulike verka i ein forfattarskap. Å leite etter dei særmerkte estetiske, tematiske og idéhistoriske linjene i forfattarskapen vil vere eit v

Til toppen

Flere bøker av Jan Inge Sørbø:

Bøker i serien