Lyden av to hender (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 338
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234001710
Omtale Lyden av to hender
Om å satse høgt og drøyme stort

Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til
Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra?

"Lyden av to hender" er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.

Sunniva Relling Berg (f. 1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen "Utfor", som blei nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut romanane "Beina i gitaren" (2013) og "Polarnatt" (2019) for ungdom. "Lyden av to hender" (2021) er hennar fyrste roman for vaksne.

Til toppen

Andre utgaver

Lyden av to hender
Nynorsk Ebok 2021

Flere bøker av Sunniva Relling Berg: