Nynorsk litteraturhistorie (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 679
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252188967
Omtale Nynorsk litteraturhistorie
Eit storverk om nynorsk skjønnlitteratur - frå Ivar Aasens tid til i dag.
I Nynorsk litteraturhistorie gjev Jan Inge Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i - og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborg var ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Over 150 forfattarskapar er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.
Boka kjem ut i høve 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget i 2018.

Til toppen

Flere bøker av Jan Inge Sørbø: