Ro mitt hav (Innbundet)

dikt i utval ved Anne Marit Jacobsen

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 115
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252199079
Omtale Ro mitt hav
Det aller beste frå Jon Fosses lyrikk. Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rekkje diktsamlingar, blant anna «Engel med vatn i augene», «Auge i vind», «Songar og Stein til stein». I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsma.l om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

No har skodespelaren Anne Marit Jacobsen gått gjennom alle dikta til Jon Fosse og valt ut dei ho likar aller best. Jacobsen er ein av dei fremste Fosse-formidlarane her i landet. Særleg kjend er ho for tolkinga av Jon Fosses roman «Morgon og kveld» på Nationaltheatret. Oppsetjinga blei ein stor suksess og hausta glitrande kritikkar.

Det er ingen grunn til å vere redd for Jon Fosse, seier Anne Marit Jacobsen. Boka inneheld eit forord der Jacobsen fortel om si oppleving av Fosses diktarunivers.

Til toppen

Flere bøker av Anne Marit Jacobsen og Jon Fosse: