Simons historie (Innbundet)

skodespel

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 126
Forlag: Transit
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788275960977
Omtale Simons historie
Simon (20) vervar seg som soldat i ein norsk NATO-styrke. Men når han kjem heim att, finn han seg ikkje til rette. Gjensynet med kjærasten, Eva, blir heller ikkje som dei hadde håpt. Simon veit ikkje lenger kva han vil med livet. Brått ei natt blir han arrestert og kasta på glattcelle, skulda for ei avskyeleg handling. Simon nektar, men etter.forskaren Irma har grunn til å tvile på hans forklaring. Som i eit kriminaldrama, med intense avhør og tilbakeblikk, blir ei skremmande historie avdekka lag for lag. STIG AMDAM (f. 1961) gjekk ut frå skode.spelarlina ved Statens Teaterhøgskule i 1983. Han har hatt roller ved Nationaltheatret, Fjernsynsteatret, Hålogaland Teater og har medverka i fleire tv- og filmproduksjonar. Frå 1989 har han vore ved Den Nationale Scene i Bergen. Han debuterte som dramatikar i 1999 med Hundedagar på Teatret Vårt i Molde. I 2004 regisserte han sitt eige stykke ID på Scene Usf i Bergen. Ras hadde premiere i februar 2006 på Den Nationale Scene. Radioteaterstykket Hauk og due (vant sølv i Prix Italia) og scenestykket Simons historie har begge hatt premiere i 2008.

Til toppen

Flere bøker av Stig Amdam: