Tung tids tale av Olaug Nilssen (Nedlastbar lydbok)

Tung tids tale (Nedlastbar lydbok)

roman

Forfatter:

Ingen angrerett. Nedlastbare lydbøker kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Forfatter:
Innbinding: Nedlastbar lydbok
Utgivelsesår: 2017
Innleser: Nilssen, Olaug
Spilletid: 2:48
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: MP3
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252195477
Omtale Tung tids tale
Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp.

Mødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med "Få meg på, for faen" i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket "Stort og stygt" tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med "Tung tids tale" bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.

Til toppen

Andre utgaver

Tung tids tale
Nynorsk Innbundet 2017
Tung tids tale
Nynorsk Ebok 2017
Tung tids tale
Nynorsk Heftet 2018

Flere bøker av Olaug Nilssen: