Kanelbutikkane og andre forteljingar (Fleksibind)

Serie: Skalds klassikarar 

Forfatter:

Julia Wiedlocha (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Fleksibind
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 134
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Sklepy cynamonowe
Oversatt av: Wiedlocha, Julia
Serie: Skalds klassikarar
ISBN/EAN: 9788279593539
Omtale Kanelbutikkane og andre forteljingar
Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schulz har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust og har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag.

«Kanelbutikkane og andre forteljingar» skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga «Kanelbutikkane» (1934) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under
pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019.

Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven.

Til toppen

Andre utgaver

Bøker i serien