Kven sin dag er dette? (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 1989
Antall sider: 62
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252134063
Omtale Kven sin dag er dette?

Bestefar smiler medan han set syreballongane på plass på fôrhaustaren. Han har på seg vernebriller og hanskar.- Pass deg, gut, seier han til meg. Så ler han.- Kva ler du av? spør eg.

Han ler enda meir.

Han stoppar opp i arbeidet. Han tek av seg vernebrillene og ler så eg blir mest redd.

- Det er ikkje farleg, seier han mellom latterhiksta.

Eg er ikkje overtydd.

Då bøyer han seg mot meg, og han kviskrar. Han har teke av seg vernehanskane òg no.

- Eg har ein plan, seier han, og augene hans ser rett inn i mine. Vi har begge lyseblå auge, og dei seier at vi liknar kvarandre.

- Sei det ikkje til nokon, seier han. - Du skal få vite meir i morgon.

Til toppen