Når far treng meg (Innbundet)

ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2013
Antall sider: 160
Forlag: Spartacus
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788243007604
Omtale Når far treng meg
Noralv Pedersen er 33 år og ventar sitt andre born. Ein dag får far hans eit hjerneslag og blir sterkt pleietrengande. Pedersen hamnar brått i ei dobbel tidsklemme. På den eine sida skal han handtera livet som journalist og småbarnsfar i byen, og samstundes ønskjer han å hjelpa faren og avlasta mora, som bur i heimbygda to og ein halv time unna.

Mange er i same situasjon som Noralv Pedersen. Dei vil gjerne gi meir omsorg, men maktar det ikkje av ulike grunnar. Likevel unnlèt gjerne politikarane å snakka om den krevjande rolla dei pårørande har i det norske helsevesenet. Familie, vener og frivillige har lenge utgjort ein vesentleg del av den totale omsorga for eldre og pleietrengande i Norge. Men i dag er denne innsatsen under press.

Korleis skal politikarane leggja til rette for at pårørande kan yta viktig omsorg for eldre? Og kva må pårørande sjølve vera villige til å forsaka for å gi ein pleietrengande mor eller far ein så verdig alderdom som mogleg?

Til toppen

Andre utgaver

Når far treng meg
Bokmål Ebok 2014