Vesle Ada elskar livet på landevegen saman med dei to rufsete sirkusonklane sine. Sirkus Spetakkel er det trivelegaste og beste vesle sirkuset ein kan tenke seg. Men ein dag blir idyllen broten. Den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk frå landevegen, og i byen bak dei taggete fjella byrjar kampen om sirkustrona og jakta på ei mor Ada ikkje hugsar. Sirkus Spetakkel er ei varm, humoristisk og nydeleg forteljing om kampen mellom dei greie, og dei som ikkje er fullt så greie, om vennskap, kjærleik og saknet etter mor.