Sosial smeltedigel - språklege legeringar (Heftet)

om talemålsutviklinga i industrisamfunnet Høyanger

Serie: Acta Nordica. Studier i språk og litteraturvitenskap 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 395
Forlag: Tapir akademisk forl.
Språk: Nynorsk
Serie: Acta Nordica. Studier i språk og litteraturvitenskap
ISBN/EAN: 9788251924665
Omtale Sosial smeltedigel - språklege legeringar
- Kva skjer med språket når folk frå fjern og nær etablerer seg på ein ny stad? - Kva slags språklege legeringar kan vekse fram av ein slik sosial smeltedigel? Arenaen er Høyanger i Ytre Sogn. Etter industrietableringa i 1916 voks staden raskt frå å vere ei lita jordbruksgrend til å bli ein moderne industristad. Her møttest menneske med ulik geografisk, sosial og kulturell bakgrunn. Saman forma dei eit nytt samfunn, ein ny industristadskultur - og ein særeigen dialekt. Språktrekk frå ulike tider, stader og miljø smelta saman, og den nye dialekten blei ein viktig berar av staden si historie så vel som av den nye lokale identiteten. Dette er ei bok om dei gjensidige banda mellom sosiale og språklege endringsprosessar. Språklege utviklingsliner blir drøfta med utgangspunkt i talemålsmateriale frå ulike epokar og sett i lys av staden og folket si historie. Dei blir også jamførde med meir allmenne tendensar i den norske talemålsutviklinga.

Til toppen

Bøker i serien