Bastard (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 144
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202255008
Omtale Bastard

"Eg kom heim til mine eigne. Og dei kjende meg ikkje. Eg var blitt ein framand. Og dette er den klassereisandes evige erfaring. Du kjem aldri heilt fram til den nye plassen, til den nye sosiale og kulturelle klassen du utdanningsmessig, verdimessig og kunnskapsmessig tilhøyrer, men du kan heller aldri komma heilt heim igjen. Og det siste er det mest smertefulle.”

Med romanen Blind starta Lars Ove Seljestad den norske klassereisedebatten. I denne boka tar han oss med på si eiga reise ut av skyggen frå skorsteinsindustrien i Odda til det han trudde var eit opplyst liv i kunnskapens hus. Bastard handlar om erfaringa av å reisa ut, av ikkje å komma heilt fram, og av heller ikkje å komma heilt heim igjen til dei ein reiste frå.

I Bastard dreg Seljestad vekslar på si eiga biografiske erfaring, sine evner som skjønnlitterær forfattar og sine sosiologiske kunnskapar om biografi, arbeid og identitet. I løpet av denne reisa møter vi eit industriarbeid som ikkje lenger finst, ein industrikultur som ein gong var ”metallisk skinande framtid”, og djuptgåande refleksjonar om klassereisas innhald og meining.

Til toppen