Nazimakthavarane ville at eit nytt tysk samfunn skulle reise seg som ein fugl Føniks av oska. Den nye tyskaren skulle vere reinrasa arisk, flott, sunn, arbeidsam,
trufast mot Føraren og ha mange barn - den perfekte «Homo Germanicus» som formeira seg fort i det perfekte Tusenårsriket. Skulle ein nå dette utopiske målet, måtte seksualiteten tene folket. Han kunne ikkje lenger vere noka privatsak.
Planen hadde rasepolitiske motiv. Ved å få kontroll over den tyske seksualiteten skulle ein dyrke fram ein homogen, nordisk og fruktbar folkemasse. Det kravde strenge reglar for partnarval, for korleis kjønna levde saman, og for korleis dei tilpassa seg den nye nazistiske stats- og kulturstrukturen. I ei ny «forplantningslov» heitte det: «Den som ope hindrar eller undergrev fruktbarheita til det tyske folket, blir straffa med fengsel.» Den seksuelle revolusjonen var omfattande: No var det ikkje lenger viktig at folk var kyske og jomfruelege.Heterofile forhold blei liberaliserte. Ekteskapsmonopolet skulle brytast og erstattast av andre former for samliv. Fleirkoneri var eit diskusjonstema på linje med det massive kravet om paring. Artsframande og folkefiendar,framfor alt jødar, homoseksuelle og «livsuverdige», skulle «utryddast». Barn fødde utanfor ekteskap – eit fleire hundre år gammalt tabu – var ikkje lenger noka skam. «Snerperiet i dagens erotikk, som heng som ein kvelande parfyme over det offentlege livet, må bort,» lydde ordren frå Føraren. Abort og seksualopplysning var strengt forbode, vel å merke berre for dei ariske.
"Eit spørsmål som blei stilt i Det tredje riket, var: Mangla den kjære Føraren fullstendig både interesse for og evne til sex? Dette tabuemnet blei om ikkje ope, så iallfall heftig diskutert. Var det verkeleg slik Hitler sjølv og propagandaen forkynte? Var Germania den einaste kjærasten hans? Ville han la millionar av tyske kvinner leve i håpet om at dei ein dag skulle bli kvinna ved hans side? Og kvifor heldt han fast ved dette bedraget også som diktator? Folk skulle meir enn gjerne ha teke ein titt bak kulissane for å sjå om denne einsame ulven,til liks med alle dei andre kjende nazistane, hadde eit hemmeleg forhold. Men mange tvilte på det. Ingen annan diktator i heile verda hadde så stor interesse og nysgjerrigheit knytt til seksuallivet sitt som Føraren.Då ein korrekt kledd Hitler viste seg på ei strand saman med Mussolini i badebukse, gjekk straks ein vits Tyskland rundt: «Adolf vil skjule den siste arbeidslause,mens Benito vil sjå ned på den siste opprøraren.» "
Den austerrikske historikaren og bestseljande forfattaren Anna Maria Sigmund har skrive eit fengslande og lett tilgjengeleg verk om seksualiteten i det tredje riket. Godt dokumentert får ho fram nokre av dei meir spesielle sidene ved Nazi-Tyskland.