Sinus EL er ei lærebok med teori og oppgåver som dekkjer læreplanen i matematikk 1P-Y for elektro og datateknologi på vidaregåande skule. Matematikken blir knytt til yrkesfaget for å vere praktisk og relevant, og slik at alle kan meistre faget.
Teorien blir presentert tydeleg og enkelt med reglar og metodar etterfølgd av døme og oppgåver for å øve opp nye ferdigheiter. 2026-utgåva har ein lekker og luftig nytt design med innbydande sider og er rikt illustrert med figurar og bilete.
Den store oppgåvedelen har varierte oppgåver på ulikt nivå og er inndelt i tre delar: øv meir, utan hjelpemiddel og med hjelpemiddel. I tillegg er det samandrag og kapitteltestar til kvart kapittel i boka, som eignar seg til repetisjon og å teste seg sjølv. Elevane blir godt førebudde til eksamen.
I denne utgåva er matematikken skreddarsydd for elevar som går på elektro og datateknologi. Elevane får rekne på måleiningar, straum og spenning, formlar og trigonometri som er relevant for yrket. Kapittelet om privatøkonomi gir opplæring i lønn, skatt, lån og forbruk, og verktøy for å meistre kvardagslivet.
I Sinus EL finn du diskusjonsoppgåver, utforskande aktivitetar og prosjekt som gjer det enkelt å variere undervisinga, utforske nye problem og bruke matematikken i nye praktiske situasjonar. Det bidrar til djupnelæring og ei djupare forståing for faget.
Til Sinus EL er det supplerande digitale ressursar for lærarar og elevar. Her er det mellom anna løysingsforslag til oppgåvene i boka og interaktive oppgåver til kvart kapittel. Læraren finn årsplanar, prøver og anna støttemateriell for ei variert undervising.
sinus.cdu.no
Sinus EL finst også som digital lærebok: Sinus EL (2026) Unibok.
Til toppen