Sju forteljingar om nye og gamle hjarte, om å lesa og om å finna ei trygg hamn.
Erna Osland har skrive sju korte forteljingar om vennskapet mellom Arild og dei eldre rundt han. På skulen slit Arild med å lesa, og når læraren seier at det er hans tur, slår hjartet fortare. Og fortare. Og befaler han å springa derifrå. Kor spring han då?
Per Ragnar Møkleby har illustrert boka, som er finast å lesa saman, men òg fin å lesa sjølv. Dei sju forteljingane kan lesast som ei lang historie om Arild, eller kvar for seg.
Om vegring og meistring - og om sterke band mellom barn og eldre. Frå 6-10 år