Tøddel Blisterplytt (Innbundet)

Ei anna forteljing frå Bløygen

Forfatter:

Inger Lise Belsvik (Illustratør)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 232
Illustratør: Belsvik, Inger Lise
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202249229
Omtale Tøddel Blisterplytt

"Alle som budde i Bløygen syntes lenge dei budde på den beste staden i verda. Dei hadde ordfører. Dei hadde buss. Dei hadde tre butikkar, ein trøbbelkiosk, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis.

Det budde tretten folk i Bløygen. Dei hadde eit kor, ein veg og ei bru. Dei hadde ei elv som rann under brua. Dei hadde seg sjølv, og dei hadde kvarandre.

- Ja, her har vi det godt, sa dei.

- Ja, her er det trygt og fint!

- Her kosar vi oss og har det triveleg, ja!

- Ja, nei her er det ikkje mykje kjedeleg!

- Kjedeleg her, nei!"

Men Keisemda ligg på lur. Ho ser alt og ho høyrer alt. Kva skjer med dei tretten folka i Bløygen om Keisemda slår kloa i dei? Kva skjer til dømes med ordføraren Rosina Myrl, eller med Bidger og Esmiluni, som var så utruleg forelska i den fyrste forteljinga frå Bløygen, VERDAS MEST FORELSKA PAR?

Rune Belsvik er ein allsidig og mykje lest forfattar som har skrive ei lang rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har motteke mange prisar for bøkene sine. I 2000 fekk han Brageprisen for beste ungdomsbok og i 2004 Kulturdepartementets litteraturpris for Dustefjerten og den store sommarferieturen. Mest kjend er han kanskje som far til Dustefjerten, men i 2001 kom Verdas mest forelska par. For den fekk han Kritikarprisen i 2002. Her har han skapt eit heilt nytt univers. Tøddel Blisterplytt er den andre forteljinga frå Bløygen.

Boka er rikt illustrert. Inger Lise Belsvik har dikta denne verda i bilder, og syner oss Bløygen og folka som bur der slik ho ser dei

Les utdrag fra boken [pdf]

Til toppen

Flere bøker av Rune Belsvik: