Cappelen Damms lesebok har eitt enkelt mål: å gi alle elevar tekstar som fengjer og vekkjer kjensler – skrivne av dei beste forteljarane vi har.
Med Cappelen Damms lesebok kjem døra til litteraturverda til å opne seg for elevane. Boka inneheld tretten rikt illustrerte tekstar skrivne av kjende forfattarar, og elevane møter alt frå teikneseriar til spennande og morosame forteljingar.
Leseboka er verksuavhengig og skal fungere som eit supplement til undervisinga.
Når de skal lese saman i klasserommet, kan du bruke lærarboka som støtte. Dette er ei praktisk handbok der du finn alt du treng for å lage varierte og engasjerande opplegg til tekstane i leseboka.
Flere bøker av Ingvild Bjerkeland, Thomas Brunstrøm, Frode Eie Larsen, Jon Ewo, Peder Inge Knutsen Samdal, Kirsti Kristoffersen, Sigbjørn Mostue, Dina Norlund, Anja Hauger Ratikainen, Bjørn F. Rørvik, Simon Stranger, Brynjulf Jung Tjønn og Kim Torrejas: