Omtale
Cappelen Damms lesebok for 7. trinn Lærarens bok
Cappelen Damms lesebok for 7. trinn Lærarens bok er ei praktisk handbok der du finn alt du treng for å lage varierte og engasjerande opplegg til tekstane i leseboka.
Klasserommet er ein unik arena for gode leseopplevingar saman med andre. Å lese tekstar i fellesskap gir meistringskjensle og motivasjon og legg grunnlaget for varig leseglede.
Med Cappelen Damms lesebok kjem døra til litteraturverda til å opne seg for elevane. Boka inneheld tretten rikt illustrerte tekstar skrivne av våre mest kjende forfattarar, og elevane møter alt frå teikneseriar til spennande og morosame forteljingar.
I lærarboka finn du verktøya du treng for å utvide leseopplevinga. Her får du undervegstips og forslag til praktiske aktivitetar de kan gjere for å få tekstane til å leve vidare i leiken.
Flere bøker av Ingvild Bjerkeland, Thomas Brunstrøm, Frode Eie Larsen, Jon Ewo, Peder Inge Knutsen Samdal, Kirsti Kristoffersen, Sigbjørn Mostue, Dina Norlund, Anja Hauger Ratikainen, Bjørn F. Rørvik, Simon Stranger, Brynjulf Jung Tjønn og Kim Torrejas: